Nettverksnytt

Introhelg for nye elevar

20. juni 2016 • Sunniva Hustoft

Helga 10.-12. juni dro UWC Norge sine nye førsteåringar til Lunde leir i Son. Dei nytta introhelga til å læra meir om korleis dei kan førebu seg til livet som elev på eit United World College.

På introduksjonskurset for nye UWC-elevar, det ein kallar introhelga, vart i år som i fleire år før halde på Lunde leir. Somme fekk for første gong møta den eller dei andre norske elevane som skal på same skule som dei sjølv. I tillegg var fleire andre- ogIntrohelg 2016 tredjeåringar til stades slik at dei nye elevane fekk informasjon om nett den plassen dei skal til. Nettverksgruppa til UWC Norge arrangerte helga, og flotte alumni var med for å bidra. Leiar av UWC Norge, Elizabeth Sellevold, var òg på plass for å formidla korleis dei nye elevane kan nytta nettverket i Norge etter at dei er ferdige på UWC.  
 
I løpet av helga var det informasjon om alt frå UWCs mission statement til skuleprogrammet International Baccalaureate (IB) og fagval. Det flotte “Kræsjkurs i kulturkræsj” ga elevane ei latterfull innføring i vindaugs- og A/C-krangel med romkameratar og mange andre kulturkræsj-eksempel. Bading, volleyballspeling og kleine (men morosame) bli-kjent-leiker sto sjølvklart òg på programmet.
  
Alt i alt var det særs fine ungdommar som lettare trøytte satte seg på bussen heimover etter ei flott introhelg.  Introhelg 2016
 
 
Dette seier nokre av førsteåringane om introhelga: 
 
«Introhelga var verkeleg ein god smakebit på UWC-livet. Det einaste eg tenkte over på veg heim var om eg verkeleg måtte vente i to månader på at eventyret mitt skulle byrje!” – Sine, førsteåring, UWC Mostar
 
«Introhelgen var utrolig minnerik! Det å bli kjent med andre likesinnede, og kunne sammen dele gleden og nyskjerrigheten man føler var noe jeg ikke ville vært foruten!” – Josefine, førsteåring, Li Po Chun UWC
 
«Det var lærerikt, folkene var fantastiske, og jeg koste meg kjempemye. Har ikke ledd så mye på lenge!” – Tobias, førsteåring, Waterford Kamhlaba UWC 
 
Me i nasjonalkomiteen vonar mange av dei nye elevane blir med på introhelga i 2017 når eit nytt UWC-kull skal innviast. Ei stor lykkeønsking vert òg sendt til dei alle når dei snart skal ut på UWC-eventyr over heile kloden!
 
Introhelg 2016