Nettverksnytt

Månedens alumn mai 2016: Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim

12. mai 2016 • Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim

Månedens alumn Marte er doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Stavanger, hvor hun forsker på hvordan ulik grad av diversitet påvirker innovasjon.

-Når og hvor gikk du på UWC?

Eg gjekk på Atlantic College (AC) i Wales frå 1999 til 2001.

– Hvordan var tiden din på UWC? Er det noen episoder du husker spesielt godt?

Tida mi på AC var fantastisk kjekk. Det er mange episodar eg hugsar spesielt godt, men ikkje alle som egnar seg på trykk – og det er kan hende eit godt teikn? Eg hugsar best fridomen, medelevane mine, og nattlege visitt til fleire av desse, populært kalla «nightriding». Vi måtte nemleg vere innomhus etter klokka 22, noko som fleire gongar vart for fristande å ikkje overhalde.

– Hva har UWC betydd for deg?

UWC har hatt stor innverknad på livet mitt på mange ulike måtar. Frå eg var lita jente og vaks opp i Fjaler med UWC Nordic tett på og vi var vertsfamilie for studentar gjorde tidleg sterkt inntrykk på meg. Eg bestemte meg dermed frå ung alder for at dette var noko som eg ønskte å søke på. Gleda var dermed enorm då eg fekk beskjed om at eg hadde kome inn. Den var så spontan og eg hugsar godt at mi eldste søster Sara og eg køyrte sporenstreks ned til sentrum av Dale med brevet i handa, høg musikk og stor ståhei! Mi eiga UWC oppleving i Wales var ei unik oppleving og ei tid eg ser attende på med stor glede. For det første så betydde sjølve opplevinga på AC i Wales mykje for mi personlege utvikling, men den var starten på vidare internasjonal erfaring. Først med jorda rundt reise der eg reiste med to andre medelevar frå AC: Sigrun og Dag, og der vi besøkte vener frå heile verda. Deretter budde eg fleire år i Santo Domingo, den Dominikanske Republikk.

Ein kan spørje seg om kva som kom først, (høna eller egget): UWC eller det ibuande ønsket om å oppleve verda? Eg har frå eg var lita alltid hatt ein viss utferdstrong, og interesse for språk kom tidleg, så det var nok ikkje berre UWC-opplevinga isolert som førte til at eg budde fleire år utanlands, men den gav nok ei tryggleik og eit nettverk som var viktig. UWC -opplevinga førte også til at eg vart sjølvstendig frå tidleg alder, sjølvstendig i å reise ut som 16-åring, men eg opplevde også at det var innanfor trygge rammer. Eg er evig takksam for gode medelevar, lærarar og andre tillitspersonar ved Atlantic College for at dei alle medverka til den kjekke opplevinga det var å vere der. Det var eit godt fundament og springbrett for vidare internasjonal erfaring, samstundes som det gav ein god og variert fagleg ballast.

Attende til høna og egget-analogien, så har internasjonalisering prega forskingsinteressa eg har hatt i løpet av dei siste ti år. Først i bachelor-oppgåve om utanlandsk arbeidskraft i verft-industrien, så mastergradsoppgåve om utanlandsk arbeidskraft i den maritime klynga på møre, og no doktorgrad der nokre av artiklane i avhandlinga fokuserer på relasjon mellom utanlandsk arbeidskraft og innovasjon. Utan å overdrive tydinga av UWC, så ser eg på UWC- erfaringa samt erfaringar frå Santo Domingo, som medverkande årsaker for denne forskingsinteressa.

På det sosiale plan, så har eg framleis god kontakt med fleire av mine vener og har i løpet av dei siste to-tre åra vore i bryllaup i England, Peru og India for gode UWC-vener. Eg har også hatt besøk av fleire her i Noreg, og det er fantastisk at det er ”plug and play” framleis etter femten år. Det er umiddelbar kontakt, som om ein berre har vore ein liten tur vekke frå kvarandre. Det seier også noko om styrken på banda og dei gode venskapsbanda som vart lagde der.

– Du holder på å sluttføre et doktorgradsprosjekt ved Universitetet i Stavanger. Kan du fortelle litt om forskningen din og hva du har funnet ut?

Det er nok ei viss fare å spørje ein doktorgradsstipendiat i sluttfasen om å fortelle litt om forskinga si, men eg skal prøve å forhalde meg kort og ikkje altfor nerdete. Doktorgradsprosjektet fokuserar på diversitet (mangfald) og innovasjon, og ser i grove trekk på korleis ulik grad av diversitet påverkar innovasjon: innovasjonsresultat og innovasjonsprosessar. Eg kan gje eit konkret døme. Korleis kan det tenkast at utanlandsk arbeidskraft påverkar innovasjonsprosessar eller det faktiske innovasjonsproduktet? I ein nyleg publisert studie skrive saman med Professor Rune Dahl Fitjar spurte vi leiarane av i overkant 500 verksemder i heile Noreg om korleis og med kven dei samarbeider i innovasjonsprosessar. Studien syner at dei verksemdene som har utanlandske tilsette samarbeider breiare med internasjonale partnarar. Dette heng i sin tur saman med meir produktinnovasjon. Dette gjeld særleg for verksemdene med utanlandske tilsette med høgare utdanning. Noreg er eit lite land med verksemder som er avhengige av å samarbeide i ei verd med stort mangfald. Det å vere til stades på internasjonale marknader fordrar mangfald i den marknadsspesifikke kunnskapen i verksemda og somme utanlandske medarbeidarar har andre sosiale og profesjonelle nettverk som kan hjelpe verksemda å hente inn ekstern kunnskap.

PhD avhandlinga inneheld også andre arbeid, som til dømes samarbeid med Professor Sverre Herstad der vi ser på korleis andre typar mangfald (til dømes utdanningsbakgrunn og arbeidserfaring) i verksemdene påverkar innovasjon ulikt og samarbeid med Professor Ragnar Tveterås der vi har sett på om verksemder i olje og gass næringa dreg nytte av å vere samlokalisert. Doktorgradsprosjektet dreg nytte av ulike data, fra spørjeskjema som vi har utvikla i prosjektet til svære registerdata som er en ny og spennande angripen av innovasjonsforsking i Noreg.

– Har du noen tanker rundt hvilken rolle UWC bør ha i dagens samfunn?

Eg har mange tankar og refleksjonar omkring dette spørsmålet. For det første så vil eg fortelje om ein episode som eg opplevde nyleg og som kan medverke til å svare på dette spørsmålet frå eit meir personleg ståstad. Omtrent samstundes som eg fekk dette spørsmålet, så hadde Rune Dahl Fitjar og eg kronikken «Innvandring aukar innovasjonsevna» på trykk i Aftenposten. Her skreiv vi mellom anna om den studien eg nemner overfor og vi skreiv om korleis forsking syner at meir mangfaldige arbeidslag løyser utfordringar betre enn meir homogene lag, sjølv om dei siste har høgare utdanning. Same veka fekk eg ein obskur e-post der ein kunne lese at på grunn av denne kronikken så var vi blitt oppført på ei liste over menneske som promoterte islamisering og innvandring, og at når samfunnet ville gå i oppløysing og revolusjonen kom, så ville vi bli stilt til retten for landssvik.

I akademia så er ein oppteken av at forsking skal halde høg standard, vere rettmessig gjennomført og fri for partipolitikk eller at ein skal prøve å tilfredstille eigne ideologiske tankar. I ovannemnte e-post vart eg møtt med at dei «ville få meg over på betre tankar» og at dei hevda at forskinga var ideologisk fordi den ikkje stemte overeins med deira overtydingar. Eg trur at vi kan dra lærdom av denne episoden der eg vart informert om listeoppføring, fordi den kan peike i ei retning av at institusjonar som UWC kan vere med å redusere utryggleik og bygge bruer slik at ein kan forstå argumentasjonen som funna frå forskinga vår syner. Ein kan gjerne vere usamd i funna, men ved å ha slik sterk overtyding om at ein tek feil allereie før ein har fått argumentert, så er det ikkje rart at det er krig i verda. Mi oppleving frå UWC er at du vert utstyrt med ei viktig verktykasse som set deg i stand til å reflektere og argumentere frå tidleg alder. På UWC så får ein ikkje berre ei utdanning i verdsklasse, men ein får også eit ansikt og ein person ”å knyte til eit land”. I ei verd med sterk uro og fragmentering, terror og utryggleik, så trur eg at nettopp det vert utruleg viktig.

– Hvilke tips eller råd vil du gi til nye og nåværende UWC-elever?

Alle er ulike, og har ulike behov, utfordringar og målsetjingar, så det er dermed også vanskeleg å skulle generalisere og gje meir generelle tips til nye eller noverande UWC-elevar. Eg tenkjer at det er viktig å gje seg sjølv rom for å ha det gøy, og prøve ulike ting, og utfordre seg og ha ein god balanse mellom å ha det gøy og å ta ting på alvor.

Eg hugsar godt ein episode frå Wales der ei medelev (og gode venninne Sigrun) og eg sleit med ei diktanalyse og faren hennar (som er bibliotekar) sendte oss sitatet av Tarjei Vesaas: «Når eg skriv hest, meinar eg hest». Det er ein episode eg har tenkt på fleire gonger for den synleggjer at nokre gonger er det enkle ofte det beste, å vere ærleg og rett fram. Samstundes understreker den også viktigheita av gode relasjonar.
 
Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim_UiS_d-2