Nettverksnytt

Månedens alumn september 2015: Signhild Brosvik

30. september 2015 • Kaia Tetlie

Hvor og når gikk du på UWC?

Waterford Kamhlaba, Swaziland, 2003-04.

Hva jobber du med i dag?

Eg driv ei handarbeidsbedrift i Swaziland som heiter Baobab Batik. Vi produserar ulike batikkprodukt som vi sel både lokalt i Swaziland og eksporterar til ulike delar av verda. Vi har to mål på Baobab Batik, det første er å designe og produsere kvalitetsprodukt til ein internasjonal marknad. Det andre er å bidra til ei positiv endring i liva til dei tilsette, det kan både være gjennom å generere høgare inntekter eller andre sosiale prosjekt som vi utfører, til dømes sjølvforsvarskurs! De kan lære meir om oss på www.baobab-batik.com.

Hva har UWC betydd for deg?

UWC har betydd veldig mykje for meg. Spesielt med tanke på dei gode venskapa ein knyter på tvers av landegrenser og kulturar. I løpet av dei to åra på UWC lærte eg og mykje om meg sjølv, som gjorde meg godt rusta til åra som student og seinare som yrkesaktiv. UWC har og betydd at eg er del av eit spennande nettverk. Nesten same kvar ein er i verda finn ein andre UWC-alumni, som har spennande historier å fortelje, eller som kan hjelpe ein om det trengst!

Hva husker du best fra UWC?

Dei seine kveldane saman med veninner i «girls wing,» der ein burde ha gjort lekser, men satt i staden og prata om alt mogleg til langt på natt!

Du bor jo nå i Swaziland. Hvordan endte du opp med å flytte tilbake dit flere år etter du var ferdig på skolen der?

Eg kom tilbake til Swaziland som mastergradstudent, for å lære meir om landet, og spesielt om korleis det er for unge å drive bedrift her. Eg ville tilbake til Swaziland fordi eg følte eg ikkje kunne så mykje om landet, sjølv om eg hadde budd her i to år. Som elev på eit UWC har ein det veldig travelt med skulearbeid, og det kan vere vanskeleg å få nok tid til å utforske landet ein er i. Så eg kom tilbake for å lære litt meir om Swaziland og korleis samfunnet her fungerar. Det endte til slutt opp med at eg busette meg her!

Har du noen tips/råd å gi til nye og nåværende UWC-elever?

Eg var ein ganske flink elev i første klasse på vidaregåande i Norge, og eg rekna med at dette kom til å fortsette på UWC. I Norge kunne eg få ganske gode karakterar utan å gjere så veldig mykje lekser. Men dette endra seg fort når eg kom på UWC! Eg holdt på å stryke i første termin, for eg var ikkje flink nok til å gjere lekser. Og i tillegg var alt veldig vanskeleg fordi det var på engelsk. Så rådet mitt til nye elevar er at dei må vere forberedt på mykje jobbing! Men samtidig må dei ikkje bli alt for stressa heilt til å begynne med. IB er vanskeleg, og det er ein stor overgong frå Norsk skule, men det kjem seg etterkvart som ein blir meir vand med undervisning på engelsk og korleis systemet fungerar.