Elevblogg

Glimt fra skolene: Malene og Katrine i Kina forteller

25. oktober 2016 • Malene Solheim

Malene og Katrine er de første norske elevene ved UWC Changshu i Kina. Her forteller de om hverdagen ved skolen. 

Kan du fortelle litt om din UWC-skole? 

Skulen vår ligg i utkanten av Changshu, ei «liten» by utanfor Shanghai aust i Kina. Med «liten» her i Kina meinar vi 1,5 mil innbyggjarar, så forholda kan ein trygt seie er litt annleis enn i Noreg. UWC Changshu China er plassert på ei tillaga øy i Kuncheng Lake. Her har vi lett tilgang på både naturlege og urbane miljø i nærområdet. I tillegg ligg storbyen Shanghai berre to timar vekke. Skulen tilbyr både Pre-DP (forstudium til IB diploma programme) og IB DP, som utgjer 520 elevar fordelt på tre klassetrinn. Vi bur spreidd i tre blokker med 5-6 etasjar i kvar blokk med 4 i kvar rom. I år er nesten 50% av elevmassen kinesarar, noko som verkeleg gir oss et innblikk i kinesisk kultur, språk og tradisjonar. I tillegg er vi den mest fleirkulturelle UWC-skulen,  med helie 100 nasjonalitetar representert. Som på andre UWC, er det eit opent miljø der ein lett kan ta initiativ til ny aktivitetar og ein kan uttrykke seg slik ein sjølv ynskjer.



KINA UWC

Hvordan ser en vanlig dag ut på din UWC-skole? 

For dei som klarer å stå opp til frukost så er det 07.30 før timane startar klokka 08.00. I fyrste del av dagen har vi 4 skuletimar á 50 minutt før vi har lunsj klokka 12.00. Etter lunsj har vi 2 skuletima før vi er ferdige for dagen. I tillegg har vi 7 fritimar i løpet av veka der vi kan ta ein føremiddagslur, gjere lekse eller det ein sjølv måtte ynskje. Etter skulen er ferdig er det klart for CAS, eller Zhi Xing som vi kallar der her (uttalast cirka som gju sjing og betyr “learning by doing”). Her er det noko for ein kvar smak, med alt i frå klatring og fjelltur til musikalteater, dyrevern og moderne kunst. Klokka 17.30 er det middag, og her kan vi få ris, steikt kylling, smørbrød, ris, diverse grønsaker, supper, ris, gryter og litt meir ris. Etter middag er tida for å gjere lekse, sosialisere, trene eller gå inn til “village”, sentrum av området vi bur i, og kjøpe snacks, kinesisk gatemat eller berre sjå på livet. Staden vi oppheld oss på når vi skal sosialisere er vanlegvis i “common room”, eit fellesareale som er i kvar etasje i alle blokkene. I vekedagane har vi check-in klokka 22.00, som betyr at vi må halde oss på skuleområdet og at vi ikkje kan gå på romma til andre.img_7514

Hva gjør akkurat din UWC-skole unik? 

Eit av dei store problema Kina står ovanfor i dag er forureining, spesielt rundt dei store byane. Dette betyr at vi bur på ein av dei mest forureina plassane i det mest forureina landet i verda. UWC har eit stort fokus på miljø og global oppvarming, og det er noko heilt spesielt å jobbe mot forureining når du bur midt opp i det i forhold til å bu i frisk fjelluft i Noreg. Innsjøen vi bur ved sia av er så forureina at vi ikkje kan vere borte i vatnet, og lufta er så grå at vi ikkje ser stort lenger enn eit par kilometer beint fram. 

Ein annan ting som er unik med skulen vår er at den sto ferdig i 2015 og fortsatt veldig ny. Dette inneber sjølvsagt nokre utfordringar, men også mange mogelegheiter. Vi er med på å forme miljøet på skulen og lage ny tradisjonar.

Innan for Zhi Xings har vi også mange tradisjonelle kineiske aktivitetar som for eksempel kampsort, yoga, kalligrafi, dragebår, tai chi, kinesisk dans og tradisjonelle musikkinstrument. Dette hjelper oss også med å bli kjent med den kinesiske kulturen.

Ein siste ting som gjer skulen vår unik er det at vi bur så nærme både flyplass og togstasjon at vi har lett tilgang til å reise til andre delar av Kina og søraust Asia.

Hvordan er det å gå på UWC i forhold til norsk videregående? 

At IB er eit hardare studieprogram enn det vanlege norske som blir fylgd i vidaregåande skule,  er nok ingen hemmleghet. Lærarane krev at ein tek meir ansvar og er meir sjøldisplinert enn kva ein er vand med frå heime. Når det er sagt, så er dette studieprogrammet meir sjølvutviklande og får deg til å reflektere over ting du aldri har vore bort i før. Sidan du bur saman med klassekameratane dine vil dette vere med på å knyte band som nesten ikkje er mogeleg i norsk vidaregåande skule. Ein vil alltid finne nokon å snakke med og det er veldig lav terskel for å spør nokon ein ikkje kjenner så godt om ein skal finne på noko.

Malene Katrine Kina 2016

Hvilke råd ville du gitt til noen som vil søke UWC?

Det hadde sjølvsagt vore både enkelt og behageleg å sitje heime og levd i eit kjent miljø, spesielt i forhald til ein UWC-skule i Kina der alt er nytt; maten, folka, kulturen, luktene, rutinene og skuletimane for å nemne nokre. Det er frykteleg mykje å setje seg inn i, men etter ei tid vil ein sjå at miljøet på ein UWC-skule ikkje heilt kan samaliknast med vanleg norsk vgs. Her bur ein saman, et saman, gjer lekse saman og prata til langt på natt saman, og dette gjer sjølvsagt noko med miljøet og banda mellom elevane her. Så rådet vårt er noko så “UWCete” som kom deg ut av komfortsona heime i Noreg og opplev noko megaawesome i stadenfor, sjølv om det kan kanskje verke skummelt å flytte til andre sida av jorda med folk ein ikkje kjenner.