Elevblogg

Søknadstips frå tidlegare medlem av opptakskomiteen

16. desember 2015 • Frode Hovland Søreide

 

Frode Hovland Søreide har vore med på å velje ut 160 elevar til UWC sine skular. I dette brevet deler han sine refleksjonar.  

 

Til framtidige søkarar:

Eg som skriv dette brevet er tidlegare medlem av opptakskomiteen for UWC Norge, og har hatt gleda av å være med å ta opp 160 elevar til UWC sine skular. Det eg skriv her er ikkje dei offisielle retningslinjene frå komiteen, men  meint å være generelle betraktningar det kan være greit å ha i mente når du skriv søknaden. For mange er dette første gangen dei skriv ein søknad, og det er ikkje nødvendigvis ein enkel sjanger å meistre. Eg har heller ikkje alle svara på kva som utgjer ein god søknad, men eg har lest mange søknader og har danna meg eit bilete av kva som gjer eit godt inntrykk på meg som lesar. Så la oss komme til saken!

Det mest opplagte rådet, som mange likevel ikkje ser ut til å tenke over, er å sette seg grundig inn i kva UWC er for noko, og kvifor vi eksisterer. Det betyr å gjere seg kjent med UWC sitt tankegods, og kanskje tenke gjennom om dette er noko som stemmer overeins med dine eigne betraktningar. Kva håpar du å få ut av eit opphald på ein UWC-skule, og kva håpar du å bidra med?

Eit prinsipp som har er viktig for mange forfattarar, ikkje berre dei som skriv søknadar, er «show, don’t tell». I denne samanhengen betyr det at viss du ser deg sjølv som ein kreativ person er det veldig fint om du forklarar korleis du får utløp for kreativiteten din, og gjerne kva dette gjer med deg, eller kvifor det er viktig. Like eins, ser du deg sjølv som ein meir filosoferande type er det fint om du beskriv kva som opptar deg, og kvifor. Det same gjeld musikarar, idrettsutøvarar og dei politisk engasjerte. Ein siste ting til dei kreative: sjølv om du boblar over av skapartrang og gode idear er det ikkje nødvendig å skrive søknaden på rim eller som eit intervju med deg sjølv. Sjølv om fleire av dykk sikkert er i stand til å levere eit godt litterært eller journalistisk arbeid er det viktig å hugse på at innhaldet er langt viktigare enn forma.

Bruk gjerne familie og vener til å hjelpe deg, men det er deg vi ønskjer å bli kjent med, så om nokon vil at du skal skrive noko som du ikkje sjølv meiner reflekterer den du er, er det garantert best å ta det ut.

Ein vanskeleg ting med å skrive søknadar er å vete korleis ein skal framheve seg sjølv, skilje seg frå mengda og bli sett. Her er det ingen enkle svar, og det er store skilnader på kor komfortable vi er med å sette oss sjølv i eit godt lys. Men hugs at komiteen les alle søknadane grundig, og ønskjer å gje alle ein sjanse. Det vil sei at du ved å sende ein søknad til oss allereie har vår merksemd. Du treng ikkje sei at du er eit mattematisk geni som kjem til å bli generalsekretær i FN, sjølv om mor di er heilt einig med deg. Audmjukheit er ein god kvalitet, men å vere stolt over sine eigne prestasjonar, dele eigne tankar og ha høge ambisjonar er sjølvsagt berre fint! 

Og så nokre generelle poeng til slutt: vær positiv, entusiastisk og open. Fortell oss om kven du er og kva som engasjerer deg, frå klarinettspeling og volleyball til nanoteknologi og politiske ideologiar. Du skriv best når du skriv om det du sjølv er opptatt av. Medlemane i opptakskomiteen gler seg til å bli kjent med deg!

Venleg helsing frå Frode Hovland Søreide (UWC Atlantic College 01-03)