Elevblogg

Reisa vidare

23. november 2015 • Sjur Hamre

Som mange andre brukte eg mykje tid på UWC på å reflektere rundt kva eg skulle finne på når UWC var over. Korleis kan ein bruke idealismen og pågangsmotet ein har fått frå UWC, utfordre seg sjølv, og samtidig få endå meir akademisk og kulturelt påfyll?

Eitt alternativ for meg, i tillegg til dei vanlege universitetssøknadane, vart ein skule eg berre så vidt hadde høyrt om frå eit par UWC-vener. New York University hadde nyleg starta eit universitet i Abu Dhabi som i stor grad var bygd på UWC-ideal. Grunntanken var å samle folk frå heile verda — på merittbasert grunnlag — for å skape ei betre verd og å bidra til å utvikle lokalsamfunnet i Abu Dhabi. Samtidig var universitetet eit pionérprosjekt, der vi som studentar vart lova stor påverknadskraft.

FB_IMG_1448137249074.jpg
UWC-arane på min Candidate Weekend
 
Eg vart invitert til Abu Dhabi i februar 2014, i lag med rundt hundre andre elevar, til ei «kandidathelg» der vi vart vist rundt på universitetet, diskuterte ideologien og målet bak, og gjekk gjennom fleire rundar med intervju. Eg hadde mange gode samtalar, både med UWC-arar og andre frå heile verda, og vart overtydd om at NYU Abu Dhabi ville vere ei fantastisk moglegheit til å utfordre meg sjølv på nye område. Ei veke etter vart eg tilbydd plass, og eg valde å takke ja.

Livet på NYU Abu Dhabi

Livet på NYU Abu Dhabi er overraskande likt det på UWC. Mykje tid går sjølvsagt med til fag (der vi blandar breidde og djubde, som på UWC). Utanom studia brukar vi mykje tid på «CAS-aktivitetar» — vi har over femti studentgrupper innanfor kreative felt, idrett og samfunnsteneste.  I tillegg brukar vi mykje tid på praktikantstillingar og på Capstone-prosjekt — vår versjon av Extended Essays. Capstonar kan vere forskingsprosjekt (med eller utan forskingsopphald i utlandet), scenekunst, dataspel, robotar, eller ein fleirfagleg blanding.

FB_IMG_1448136914715.jpg
Frå folkehelsekonferansen Public Health Think Tank

 

Eg har valgt å bruke mykje av tida utanfor studielivet på å engasjere meg i folkehelse- og miljøpolitikk, to av dei store samfunnsproblema i Emirata. Emirata ligg på verdstoppen innan fedme og diabetes, og vi organiserte derfor ein «tenketank» der ungdom frå emirata samlast for å finne løysingar på fedmeproblemet saman med akademikarar og representantar for fokehelsemyndigheitene. Eg jobbar med Ecoherence, miljøgruppa på universitetet, for å byggje opp ei miljørørsle og å jobbe for forbruksreduksjonar på universitetet og ellers i samfunnet. I tillegg støttar eg opp om arbeidet til ADvocacy, som er ein interesseorganisasjon for arbeidarrettigheitar i emirata, og eg har vore aktiv i elevavisa The Gazelle, som skriv om skulen og samfunnet ellers.

Ein viktig del av studieprogrammet ved NYU Abu Dhabi er utveksligssemester, poplært kalla “study abroad” eller “home away from home away from home.” NYU har 12 skular rundt i verda, og ein sentral del av utdanninga er at ein skal oppleve andre kulturar på deira premissar ved å studere i andre land. Gjennomsnittseleven tek to heile semester og to januarkurs utanfor Abu Dhabi — eg reiser til Washington, D.C. til våren for å studere amerikansk politikk og samfunnsliv. I tillegg har mange av kursa våre klasseturar — frå besøk i fengselsskular i Abu Dhabi til samfunnstudiar i Nepal. Klasseturane konkretiserer ofte problema vi studerer i klasseromma; ein ser menneska som lever med konsekvensane av politikk, og nyansar som teoriar ofte ikkje fangar opp.

Klasseturen min til Nepal viste konsekvensane av fullstending politisk kollaps — kva skjer når ein stat ikkje kan styre, og samfunnet vert sett til å ta vare på seg sjølv? I Nepal ser ein tollboder der betjentane har gått heim fordi dei ikkje får løn, men óg stammesamfunn som har forpakta tempel i tusenvis av år med fantastiske styringssystem — familiar vaskar tempela ein gong kvart femtiande år, og bestefedre lærer barnebarna sine korleis jobben skal gjerast. Samtalar med politikarar, journalistar og akademikarar gav oss eit endå djupare innblikk i stoda og framtida til Nepal — dragkampen om å få på plass ei grunnlov, tankar rundt korleis over 2 000 folkegrupper kan representerast effektivt i parliamentet, og korleis India og Kina brukar landet i ein geopolitisk drakamp.

Lærdom frå Abu Dhabi

FB_IMG_1448136953708.jpg
Skandinavane på NYU Abu Dhabi

 

Abu Dhabi er ein utruleg spanande by — det er ein stad der aust møter vest, med både stort mangfald og store ulikheiter. Dei sosiale ulikheitene har gjort at eg oftare reflekterer rundt global fordelingspolitikk — kor mykje kva land ein vert fødd i har å seie for framtida di, og kor mykje arbeid som vert gjort av folkegrupper som vi i Noreg veit veldig lite om. Det er interessant å høyre historiane til arbeidarar som kjem frå det vi reknar som austlege land, kvifor dei valde å flytte til Emirata, og korleis dei har det her. Det er óg interessant å leve i eit land som i stor grad er styrt av marknadskrefter, og som gjev ein peikepinn på korleis ei meir globalisert verd med svakare statleg styring vil påverke samfunnet.

Samtidig er det veldig lærerikt å sjå vesten frå eit anna perspektiv. Mange saker har mange nyansar som ikkje vert dekka i europeiske media, som er vanskelege å forstå utan å kjenne folk med ikkje-europeisk bakgrunn. Eit godt døme er migrasjons- og flyktningkrisa i Europa; det er veldig lærerikt å høyre kva gulflanda, som har vorte kritiserte for å stå utanfor flyktningkonvensjonen, gjer for å støtte flyktningar, korleis amerikanske diplomatar og statsvitarar — som til no har vore mindre berørt av krisa — tolkar situasjonen, og kva studentar frå til dømes Syria og Afghanistan meiner om mekanismane som driv folkevandringane.

Universitetet vårt speglar på mange måtar samfunnet vi lever i. Dei rundt 800 elevane her kjem frå over 120 land, og som på UWC får ein kulturelle impulsar frå diskusjonar i klasserom, med romkameratar, og i kantina. Det er spanande å oppleva at ulike kulturar har grunnleggjande ulike verdisyn og tankesett. Ein av hovudgrunnane mine til å velje NYU Abu Dhabi over eit universitet i til dømes USA eller Storbritannia var å sleppe å verte del av ein stor vertskultur, men heller halde fram med å leve på like vilkår med folk frå heile verda.

Det at vi er eit lite universitet gjer óg at vi får oppleve unike moglegheiter ein ikkje finn andre stader. I løpet av dei første tre semestera mine har eg fått vere med på paragliding med rektor, frokost med Gordon Brown, leia to konferansar, og fleire fagkomitéar i elevrådet. Det at universitetet vårt er så ungt som det er har gjort at vi studentar har utvikla eit unikt sterkt eigarskap; dei fleste tek aktiv del i universitetspoliktikken, og vi diskuterar alt frå læreplanar og visjonar til småting som kantinetilbod og gymaktivitetar. Når store saker kjem opp held vi samfunnsmøte, “town halls,” der studentane møter leiinga og diskuterer saker som kjem opp til vi vert einige. Som eit ungt universitet kan vi — og må vi — bidra til å forme identiteten og verdiane våre. 

Etter eit år i Abu Dhabi følere eg at livet her representerer ein ny og spanande kultur og veremåte, samtidig som det i stor grad er fire nye år med UWC-liv, med alle moglegheitene og utfordingane det inneber. Eg gler meg til å halde fram med å utforske ulike kulturar, og til å halde fram med å forme det unge og dynamiske universitetet eg er del av dei neste tre åra.