Elevblogg

UWC-dagen #livingthemission

13. september 2015 • Nils Hallvard Korsvoll

Den 21. september, som òg er FN sin internasjonale fredsdag, samlar UWC-arar rundt om i verda seg for å markere og synleggjere kor viktig det er med internasjonalt samarbeid og berekraftig utvikling. UWC-dagen er relativt ny, den vart markert for første gong i 2013, men allereie det første året var det over åtti ulike arrangement, frå Hong Kong til Los Angeles, og sjølvsagt òg i Norge. Dagen vert feira av skulane, nasjonalkomitear og andre alumninettverk. 

I år er mottoet for dagen #livingthemission, og dette kan du vere med på å markere anten ved å nytte denne emneknaggen på sosiale media eller ved å vere med på eit av arrangementa som blir haldne over heile verda.

I Norge er me i år veldig glade og stolte over at det blir samlingar på UWC-dagen i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø og Bodø. Det er nasjonalkomiteen som står for arrangementet i Oslo, men dei andre samlingane er organiserte av alumni i dei ulike byane, og ei slik oppslutning på tvers av landet er fantastisk!
 
Ein annan plass UWC-dagen skal bli markert er på Red Cross Nordic (RCN) i Flekke, som feirar sitt tjueårsjubileum denne dagen. Sidan 1995 har elevar frå om lag hundre nasjonar budd og levd saman her, og når skulen i år fyller tjue år så kjem tidlegare og noverande elevar saman med tilsette og viktige støttespelarar for både skulen og for UWC Norge saman for å markere alt det RCN har fått til desse tjue åra.
 
21113396025_01fcc04792_z[1]
 

UWC som røyrsle

Ein kan sjølvsagt spørje kvifor me skal ha ei slik feiring. Blir dette berre eit høve der me UWC-arar kan møtes og klappe kvarande på skuldrane og mimre om desse to fantastiske åra me hadde? Kva er det eigentleg me i nasjonalkomiteen og andre i UWC-røyrsla rundt om i verda vil med denne felles dagen?
 
Noko mimring vil, og skal, det sjølvsagt vere. Men me i den norske nasjonalkomiteen tykkjer UWC-dagen er eit viktig høve for å samle alumni til også noko meir enn dette.
I år har me invitert fem alumni til Litteraturhuset i Oslo for at dei kan fortelje frå korleis dei har gjort og gjer UWC til ein del av sin kvardag – kva tenkjer dei det inneber å følgje dagens motto: #livingthemission? I fjor inviterte me ein panel til å snakke om internasjonalisering og solidaritet i norsk skulepolitikk: Peace eller PISA? Me vil bruke denne dagen til å ta opp og drøfte spørsmål som, på ulike måtar, er viktige for oss som UWC-arar. Spørsmål som anten gjeld oss sjølve som røyrsle, eller vår rolle og påverknad i samfunnet elles.
 
20492301793_f65b43a694_z[1]
 

Quo vadis?

Me tenkjer at UWC-dagen er eit høve til å ta opp viktige spørsmål både internt og eksternt, ein dag som kan hjelpe oss til å tenkje meir rundt kva UWC er for oss som alumni og kva UWC er for samfunnet. Me har alle hatt to fantastiske år, men korleis skal me ha med oss desse åra vidare i livet og kva er rolla vår som del av ei UWC-røyrsle?
 
Dette er viktige, for ikkje å seie grunnleggjande, spørsmål særleg for arbeidet me gjer i nettverksgruppa i nasjonalkomiteen, men òg for heile nasjonalkomiteen. For det er ikkje nasjonalkomiteen som er UWC Norge, det er det me saman som er, og kva rolle og retning UWC skal ta framover er opp til oss saman å bestemme. Difor ønskjer eg alle hjarteleg velkommen til UWC-dagen i Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø eller Bodø for å ta del i røyrsla og saman sjå på korleis me kan arbeide for fred og berekraftig utvikling.