Elevblogg

Hvordan er det å ha barnet sitt på UWC? UWC-USA

30. mai 2015 • Kari Leikanger Buset

Mor til en tidligere UWC-elev skriver at «to år ved UWC opna nye dører for sonen vår.» Dersom ungdommen sjølve ønsker å søke på UWC, er det lite å uroe seg for.

«I dag har han kameratar frå alle verdsdelar»

Med ein ungdom som går på UWC vert «familien» større. Nye bekjentskap for ungdomen fører også til at vi vaksne knyt band til foreldre i andre delar av verda. Vi har erfart at guten vår ser livet i nytt perspektiv der han mellom anna får auka innsikt i andre kulturar. Gjennom opphald og studie har han fått auka interesse for og innsikt i globale utfordringar, økonomi- og samfunnsutvikling. I dag har han kameratar frå alle verdsdelar. Det har vore ei glede å vere foreldre til ungdom som er i utvikling langt heimanfrå. Dette krev både ansvar og tillit. Han har lært seg å ta ansvar for seg sjølv og andre. Det er eit godt støtteapparat ved skulen og banda mellom elevane har vore godt. Kontakten heim har i størst grad vore via messenger, men internett-telefon gjennom facebook har også vore nytta. Vi har hatt kontakt 2-3 gongar i månaden. Vi hadde ikkje telefonkontakt dei første månadene, og det trur eg var positivt for å unngå heimlengt.

Kan sende ungdom på UWC uavhengig av familieøkonomi

UWC-bevegelsen er ein solid organisasjon med ein høg sosial profil. Det vil vere mulig for dei fleste, uavhengig av familieøkonomi, å sende ungdom på skule gjennom UWC. Eg trur det var motiverande å velje fagområde og grad av fordjuping. Elles var det mange arrangement, teater, konsertar utanom skuletid i tillegg til CAS, som er ulike praktiske oppdrag og aktivitetar.

Opna nye dører

Organisasjonen har høg status i USA, der vår gut var elev. Etter endt skulegang søkte han om og fekk tilbod om skuleplass ved fleire universitet i USA. Han er no elev ved University of Florida. Ved skulen har dei tilsett eigen koordinator som fyl opp elevar som kjem frå UWC-skular. Skulen disponerer også store midlar frå the Davis UWC Scholars Program. Dette gjeld fleire universitet i USA. Skulen fordeler midlane til internasjonale elevar frå heile verda som har gått på UWC.

Lite å uroe seg for

Det beste rådet til foreldre som har en ungdom som ønsker å søke på UWC er at om ungdomen ønskjer det sjølv, er det lite å uroe seg for. Prøv å vise tillit. La eleven ta ansvar. Ta tilstrekkelig, men ikkje for mykje kontakt 🙂