Elevblogg

Ei natt på toppen av Wales

27. oktober 2010 • Sjur Hamre

Haustferien her i Snowdonia(nord-vestlege Wales) er heilt fantastisk. No skal eg bruka ein liten haug bokstavar til å skildra eit av eventyra eg har fått oppleva her oppe; Cadair Idris. Det er det nest høgaste fjellet i Wales og er 863 moh. på det høgaste. I forhald til fjeldi heime blir det ikkje so voldsomt stort, men i forhald til ellers ekstremt flate Wales so er det rimeleg dramatisk. Det tøffaste med detta fjellet er då og ikkje sjølve høgda på det, men historia bak det. Eigentleg er det ein gamal vulkan, som no har døydd ut. På kvar side av sjølve fjellet finn ein to krater som no er fylde med vatn og har blitt til dugelege fjellvatn.


Det største heiter Llyn Cau og skal etter legenda blitt til av tårene til den walisiske giganten Idris som budde på fjellet i keltisk mytologi. Fjellet har nemleg betydeleg plass i religiøs og kulturell samanheng hjå den paganistiske tradisjonen i Wales. Dei som framleis trur på dei gamle keltiske gudane og rituala samlast visstnok på fjellet årleg for å dyrka den eldgamle mytologien. I fylgje ein god del historikarar var store delar av det vestlege Europa keltisk i verkeleg gamle dagar. Frå heilt sør i Spania til langt inn i det som i dag er Ukraina og Aust-Europa. Keltisk var eit av dei tre største språka i Europa, saman med latin og gresk. Etter kvart som ny folkeslag og språk kom vart dei pressa opp i Storbritannia og etter romerane og dei andre erobrarane av øyene fram til i dag er det berre avgrensa område i Wales, Irland og Skottland som framleis har ein levande kultur som stammar frå keltarane. Samt Bretagne i Frankrike.


Iallefall; me starta nede i dalen på biletet ovanfor og gjekk oppover. Det var meg, Ailish og Josh. Ailish er frå området og Josh er amerikansk. Etter om lag to timar kom me oss opp på toppen.


Etter å ha sett opp teltet fekk me sjå verdas venaste solnedgong før me gjøymde oss frå frosten i teltet og fortalde eventyr frå Noreg og Wales og andre røvarhistorier. Ein av dei var om fjellet. Det er nemleg sånn at i gamle dagar brukte dei keltiske bardane (dei hadde omtrent same funksjon som dei norrøne skaldane og var poetar) å overnatta på fjellet i håp om å få inspirasjon. Og sagnet seier at alle som overnattar på fjellet vaknar opp som enten diktarar eller galningar. I vårt høve kan eg nok slå fast at me vart litt av begge.


Natta var litt kald, men ikkje aller værst og då me vakna opp var alt dekka av eit tjukt lag med rim. Når sola i tillegg stod opp og gjorde alt gyldent var det rett og slett for vent til å skildra. Etter å ha pakka ned teltet og fått i oss litt mat tusla me nedover frå fjellet igjen. Sola skein og frosten smelta snart vekk. Turen ned vart strålande og fylt av solskin og varme. Etter kvar møtte me fleire og fleire som var på veg opp. Dei såg alle rimeleg imponerte og spurde om me verkeleg hadde overnatta oppe på toppen.

Til slutt kjem eit par bilete av teltet vårt, fyrst i perspektiv, ein ser det so vidt som ein mørk dott midt på biletet:)

(Stor takk til Josh for alle bileta. Cheers to Josh for all the pictures.)