Elevblogg

Avisartikkel

1. desember 2009 • Sjur Hamre

Her er ein artikkel eg sendte til lokalavisa mi Moere, den sto paa trykk laurdag 21. november. Eg faar dessverre ikkje til aa laste opp bilder, daa nettet til skulen ikkje akkurat er noko aa skryte av..

Ein miniatyrmodell av verda

Dei siste månadane har eg tilbragt på ein internasjonal skule i Costa Rica, ilag med rundt 160 andre ungdommar frå 66 forskjellige land.
Det heile starta då eg i mars i år fekk eit brev frå UWC (United World College) Noreg om at eg var ein av førti heldige utvalde som fekk moglegheita til å begynde på ein av tolv UWC-skular rundt om i verda. Eg var overlukkeleg, ikkje berre fekk eg sjansen til å fullføre vidaregåande ilag med elevar frå heile verda, eg skulle også få bu i eit så fjernt og eksotisk land som Costa Rica!

Meir verd i kvardagen
UWC Noreg sitt motto kunne knapt beskrivd opplevelsen min betre. Rommet mitt deler eg med to jenter frå Haiti og Spania, eg går til det lokale fruktmarkedet ilag med ein frå Israel, lærer spansk ilag med ei frå Malaysia, spelar fotball ilag med ein haug latinamerikanarar og når vi ein gong iblandt er litt for leie av kantinematen kjøper eg pizza ilag med ein frå Libanon eller bakar ilag med ei frå Nepal/Nigeria. Når ein bur ilag med personar frå så mange ulike kulturar får ein heile tida sjå ulike perspektiv og synsvinklar av ei sak, og ein får på mange måtar eit meir nyansert bilete av verda.

Costa Rica
Costa Rica ligg heilt sør i mellom-Amerika, med Stillehavet og Karibbien på kvar si side. Landet har eit innbyggjartal på størrelse med Noreg, sjølv om arealet er fleire gonger mindre. Costa Rica var det første landet i verda til å avvikle forsvaret sitt, og fekk i september, som det første landet i Latin-Amerika og det tredje i verda, sitt eige fredsdeparement (elevane ved skulen var spesielt inviterte til den offisielle opninga!). I år vart befolkninga kåra til verdas lukkeligaste, og levestandaren generelt er av dei høgaste i Latin-Amerika. Hovudstaden heiter San José, og ligg midt i landet, berre omlag ein halvtime frå skulen. Klimaet er tropisk, og kan til tider vere litt for varmt for ein stakkars nordmann (spesielt med tanke på at biblioteket er den einaste staden med air condition…)

Livet på skulen
Dei aller fleste elevane bur på skulen, fordelt på sju forskjellige residensar, fire for jentene og tre for gutane. Det er sjølvsagt ikkje berre enkelt å bu ilag med så mange andre jamaldringar, og houdkonfliktane kjem frå problem rundt støynivå, reinhald av felleskjøkkenet og ulike definisjonar av ”låning”. Ellers er skulen veldig opptatt av å la elevane verte kjende med landet også, og dei har eit populært program som heiter ”Conociendo Costa Rica” (bli kjend med Costa Rica). Elevane kan då melde seg på ulike prosjekt som t. d. Plukke søppel på stranda, hjelpe skilpadder tilbake til sjøen eller jobbe som frivilleg på ein kaffeplantasje. Desse turane og mykje av det andre som skjer på skulen er linka til dei tre grunnpilarane til skulen, multikulturalisme, miljø og konfliktløysing

Som einaste UWC er skulen bilingual, med engelsk og spansk som likestilte språk. Engelsk vert likevel oftast det dominerande språket, men omtrent alle møte vert haldne og all informasjon vert gitt på begge språk samtidig, i tillegg til at nesten alle faga tilbys både på spansk og engelsk.

International Baccalaureate
Utdanningsprogrammet UWC nyttar er eit av dei mest anerkjendte i verda. Det heiter International Baccalaureate og er eit akademisk krevjande program der ein vel seks fag for å studere i to år. Ein vel eit fag frå kvar av gruppene; førstespråk, andrespråk, samfunnsfag, naturfag, matte og kunst (frivilleg). Alle elevane må også fullføre eit Theory of Knowledge-kurs (eit slags filosofikurs om kunnskap) og skrive eit utvida essay på 4000 ord, i tillegg til ei viss mengde CAS-aktivitetar. CAS står for Creativity, Action og Service, og er etter-skuletid aktivitetar, ofte leia av elevane sjølve. Desse aktivitetane kan variere ganske mykje frå skule til skule. Eksemplar på aktivitetar skulen i Costa Rica tilbyr er Model United Nations, fotografi, latin-dance, yoga, magedans, frisbee, special olympics, Amnesty og mykje meir.

Søk UWC!
Alle som går første året på studieforberedende vidaregåande linjer (studiespesialisering, idrett og musikk,dans og drama) kan søkje. UWC ønskjer aktive og engasjerte elevar, ikkje nødvendigvis berre politisk engasjerte, også dei som er aktive innan idrett, musikk osb. oppmodast om å søkje. I tillegg til Costa Rica sender Noreg elever til skular i Wales, Hong Kong, Singapore, Swaziland, Italia, USA, Canada, India og Fjaler i Sogn! Talet elevar til kvar skule varierar mellom ein og tolv årleg, her i Costa Rica er vi tre norske førsteklassingar og to andreklassingar. Stipendordningar dekker mesteparten av kostnadane på dei aller fleste skulane. Meir informasjon finn de på heimesida www.uwc.no eller på uwc sin offisielle blog www.uwcnorge.blogspot.com, der norske elever rundt omkring poster innlegg om kvardagen sin. Søknadsfristen er 1. februar – lukke til!