Elevblogg

Før skulen startar på ekte

6. september 2009 • Sjur Hamre

No har vi vore i Costa Rica i nesten to veke, og det er heilt fantastisk. Det er enda bedre enn eg hadde forventa – så langt iallefall. Sjølve klassene begynner ikkje før i morga, så vi får sjå korleis ting vert med tonnevis av lekser å gjere i tillegg til alt det andre her.

Fram til no har vi hatt bli-kjendt dagar. Heile skulen dro på camp ilag eit par dagar etter vi kom, vi har hatt buddy-day (buddy=fadder), dratt på fruktmarked, residenskveld, ein haug aktiviteter på campus og sjølvsagt fått utrulig mykje informasjon på utrulig mange møter. Det er framleis litt surrealistisk å vere her, men på samme tid er det rart kor fort ein blir vandt til ting (kanskje eg snart vert vand til varmen også? Her er omtrent 30 grader kvar dag – og biblioteket er det einaste rommet med aircondition).

Romkameratane mine (Laura frå Spania og Claryce frå Haiti), og eit bilete frå campen heile skulen dro på

Sjølve skulen og området vi bur på er veldig fint. Her er åtte elevresidenser (åtte rom i kvar), tre for gutar, fire for jenter og en som vert brukt til kontor o. l. Alle saman har eit stort opphaldsrom, kjøkkenkrok og to bad med to dusjar og to do på kvart. Kvar residens er oppkalt etter ei strand her i Costa Rica, min heiter Cahuita og skal visst vere ein av dei finaste strendene. Reisdensene liggi ein sirkel rundt eit stort grønt område, og klasseromma ligg ca fem minutt vekke. Midt i mellom klasseromma og residensane ligg kantina og laundry roomet.
Skulen ligg også ganske sentralt, når du går ut porten kjem du til en liten by som heiter Santa Ana. Der finn du eigentlig alt du treng, og det tek berre omlag ein halvtime å kjøre for å komme inn til hovudstaden San Jose. Vi får gå ganske fritt omkring egentlig, vi må berre vere på skulen innan kl ni om kvelden (viss ikkje vi har permission, då kan vi vere ute til elleve på kvardagar og tolv i helgene). Ellers er her utrulig grønt overalt, også inne på skuleområdet. Vi har mange forskjellige fruktred, m. a. mango, guava, lime, appelsin ++ Her er og utrulig mange dyr og insekt, spesielt fuglar og sommarfuglar! Og sjølvsagt ektreme mengder maur, dei kjem overalt, i klesskapet ditt, senga di, kjøleskapet osb. Det ser altså ikkje så veldig delikat ut når folk legg frå seg mat på kjøkkenbenken.

Opphaldsrommet i Cahuita, residensen min, og eit Siúan frå Irland, Lieke frå Nederland og Emily frå Norge som et is i skyggen utanfor kantina

Sidan vi kom har vi altså hatt eit ganske tett program, og folk har allereie blitt ganske godt kjendt. Denne helga derimot, har vi omtrent ikkje hatt noko obligatorisk. Andreklassingane er allereide overlessa med lekser (dei fleste har prøver første time), medan vi førsteklassingane har gått litt rundt utan å gjere noko spesielt, eigentlig berre utnytta den siste helga vår med friheit. Sjølv om det virker som eit ektremt tiltak å begynde med skule igjen (sol, 30 grade og pugging er inga god kombinasjon) så blir det nok kjekt likavel. Faga eg har vald verkar veldig interessante og bra, for ikkje å snakke om lærarane som er ekstremt tilstadeverande og personlig engasjerte i elevane. Trur det blir veldig bra, og noko heilt anna enn det vi er vandt med frå før i alle fall!
Susanne (UWCCR 0911)