17-åring fra Ryfylke til USA
Bård er 17 år og kommer fra Sand i Ryfylke. For et halvt år siden pakket han kofferten sin og forlot vennene sine på Sauda VGS for å tilbringe to år med ungdom fra hele verden i USA. Nå er han i gang med andre semester. Les mer om hvordan det går med Bård på United World College.
Mange sitter nå hjemme og lurer på om de skal søke på UWC. Hvorfor søkte du?
Av dei mange grunnane til at eg søkte UWC var kanskje det å få ein ny, spanande og hektisk kvardag den viktigaste. Eg ynskja å leva saman med og verta kjent med spanande, entusiastiske og talentfulle menneske frå heile verda. Eg ynskja å oppleva noko anna enn kva eg fekk heime i Noreg.
Sjølv om eg hadde eit veldig godt liv heime hjå familie og vener på Sand, var det likevel noko som sa til meg at dette er ein moglegheit eg ikkje kunne gå glipp av.
Sjølv om eg hadde eit veldig godt liv heime hjå familie og vener på Sand, var det likevel noko som sa til meg at dette er ein moglegheit eg ikkje kunne gå glipp av.
Hvordan er skolen i USA forskjellig fra den videregående skolen du gikk på i Norge?
Den mest openbare skilnaden er at ein bur på internat med dei ein går på skule med og er difor rundt ein annan heile døgeret. Elles så er jo den unike samansetninga av elevar frå mange forskjellige land, der alle deler engasjementet, interesse og potensiale ein sentral forskjell.
Dessutan er aktivitetar etter skuletid ein sentral del av UWC generelt. Det er alt frå idrett og dans til diverse aktivitetar i nærmiljøet og på skuleområdet der ein er med på ulike debattar, hjelper til hjå lokale sjukeheimar pluss eit vidt spekter av andre aktivitetar.
Noko som kjenneteiknar nett UWC-USA er Wilderness-programmet der det vert arrangert fleire turar (både dagsturar og mange-dagarsturar) i løpet av året til fjern og nær, høgt og lågt. Akademisk sett er nok nivået litt høgare enn VGS, men dette varierer på kor vanskelege fag ein velgjer.

Hva er favorittfaget ditt, og syns du det går greit å snakke engelsk i alle fag?
Blant faga mine er nok historie favorittfaget. Å prata engelsk i alle fag var eigentleg aldri noko problem. Sjølvsagt var det eit par ’akademiske’ ord som ikkje var der heilt i byrjinga, men det er ein prosess mest alle går gjennom. I tilegg så snakkar ein jo engelsk utanom skuletida også. Ein blir i det heile veldig fort van med å snakka, skriva og forstå engelsk.
Hvilke aktiviteter er du med på etter skolen?
Dette semesteret er eg med på favorittsporten volleyball og svingdans. Elles er eg med i noko som heiter Community Workcrew der med hjelper til på ulike prosjekter i nærmiljøet, anten det er måling, bygging av hus eller andre liknande aktivitetar. Eg er også med på slalåm på søndagane. I tillegg er eg ein del av eit opplegg som skal enda med ein vekes tur til Colorado i noko som heiter Project Week der me skal hjelpa ungar med fysiske og psykiske hemningar å stå på ski.
Besøk UWC Norges blogg og les mer om livet på UWC-skolene rundt om i verden.
Del på FacebookPublisert 16. januar 2010